|
Suldal Billag starta opp som transportbedrift i 1919 og er i dag ein av dei største aktørane i regionen.
Suldal Billag har i dag bussruter i Suldal kommune. I tillegg køyrer selskapet nokre ruter i Hjelmeland og Odda kommune. Blant anna har Suldal Billag ansvaret for skulebussane til og frå 9 barne og ungdomskular og 1 vidaregåande skule i desse kommunane.
Suldal Billag har også tilbod om turbuss. På turbussfronten er Suldal Billag ein sentral aktør i regionen. Gjennom Sør-Vest Reiser as arrangerer Suldal Billag langturar, feriereiser og kontinentale opplevingsturar. Turkøyring i eigen regi er også ein aukande aktivitet, og selskapet opplever ein stor etterspurnad på dette feltet. |